lørdag 17. mars 2012

Ei skildring av Kvaklandrørsla!!

Fritt etter Hans Emil Kvakland.

Eivind og Eli S. Kvakland er nok ikkje namn som folk flest har eit tilhøve til. Dette til trass for at dei allereie har lagt brorparten (får vi tru) av arbeidet, som dei utvilsamt vil bli huska for, bak seg, nemleg oppsedinga av syskena Bodil, Marius, Hans Emil og Lorents. Desse fire vil utan tvil vere med å radikalt endre den bærande institusjonen i fedrelandet for all framtid. På strategisk vis har dei sørga for å ha eit nærvær i alle dei viktigaste byane i nasjonen, Nidaros, tigerstaden og hansabyen (ein lyt nemne at delegaten som i dei siste åra har virka i tigerstaden har ymta frampå at det ikkje er mykje å satse på der, og at ho i nærmaste framtid kjem til å vende nasen nordover att). I motsetnad til romarane, makedonarane og mange fleire gjennom historia, har dei ikkje vert grisk og strekt seg for tynt utover, men har tvert om beheldt eit betydeleg fotfeste i "det Nordenfjeldske Norge". Heller ikkje utdanninga er valt på slump. Dei har (høvesvis frå eldst til yngst) skaffa seg innpass i helsevesenet, media, akademia og landbruket. Nietzsche si påstand om at ein nasjon berre er naturens måte å dyrke fram eit fåtal overmenneske, vil nok i nær framtid bli eit unektelig faktum.

Ingen kommentarer: